Dag og Tid nr. 6, laurdag 15. februar 2003

Roald Helgheim:
Toget på perrongen

I 2001 vart Dag Solstad intervjua av journalist Jan H. Landro. Det står som siste stykke i boka Jeg er ikke ironisk, og er den siste av ei samling samtalar Landro hadde med Solstad gjennom åra. Og i 2001 spør journalisten om det var materiell naud meir enn politisk overtyding som førde Solstad inn i m-l-rørsla.

«Vil ikke kalle det eksistensiell nød. Det viktigste for meg var vel at det sto et tog på perrongen. Hvis det toget går og kommer frem dit det skal uten meg, så er det ikke noe jeg kan ta sjansen på.»

Det tykkjer eg er noko av herlegaste eg har sett på trykk, og ein sann svir å lese mens 30 årsjubileet til AKP, som ein gong hadde parentesen (m-l), no blir markert og kommentert med historisk og politisk patos. For til den obligatoriske jammeren om m-l-rørslas vekst og fall høyrer også den moralske opprørtheita over at ikkje berre flott og intelligent norsk ungdom i hopetal let seg rive med av ei totalitær politisk rørsle, men at også mange kunstnarar og intellektuelle av Solstads format gjorde det. Det er eit moralistisk syn eg stiller meg på tvers av. Så flott at så mange våga å satse på ein utopi, ein draum om noko anna, seier eg. For ein vilje til å bryte med nesten alt for ein visjon, om aldri så diffus, endå så gammalmodig og størkna ein del av det ideologiske fundamentet etter kvart skulle vise seg å vere. Det var opprøret som var det viktigaste, men det var eit opprør dei politiske gründerane av m-l-rørsla ikkje hadde ei anna retning å gje enn gammalkommunisme. Ein analyse som til slutt gjorde det til ein dårleg, forsteina kopi av det eigentlege ideologiske opphavet, NKP. Det var slike nedarva analysar som bestemde kva partiet til dømes skulle meine om avvikande retningar som trotskismen. Det var ingen sjølvstendig analyse gjort av den nye m-l-rørsla sjølv.

Partiet hadde aldri marxistiske teoretikarar av format, og ein kan vel spørje om det har fostra verkeleg intellektuelle også, om aldri så fullt av kunstnarar, forfattarar og dugande fagfolk på alle samfunnsområde. Difor var det også slike som Solstad, ein usikker ung forfattar som ikkje tok sjansen på anna enn å kaste seg på vogna, som gjennom romanen Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land best såg det kommande samanbrotet i maoismen, samanfallande med samanbrotet i den kinesiske utopien. Difor har Hans Ebbing også rett når han i Klassekampen denne veka konstaterer at ingen forstod maoismen dårlegare enn dei som proklamerte han som ein del av plattforma: «Marxismen-leninismen Mao Tsetungs tenking», som det heitte med den tidas skrivemåte.

Om dei tretti åra og tida før m-l-rørsla vart parti, kan ein slå fast at aldri har ei så lita politisk rørsle ført til så mykje spetakkel og skuldingar om åndeleg formørking av nasjonen. At rørsla på sitt mest støyande prega det politiske og kulturelle liv på ein måte som fekk somme til å gå av skaftet, er så. At den største politiske skaden i ein periode vart gjort andsynes resten av venstresida, er sikkert og visst. Men historikaren som i Klassekampen seier at i ettertid er m-l-rørsla ein historisk parentes, er sjølvsagt nærare den objektive sanninga. Det skulle ikkje den tru som les den samtidige dokumentasjonen om eit påstått åndeleg mørkemannsvelde som forpesta alt intellektuelt liv i minst eit tiår. Sjølv hugsar eg ikkje utan ironi korleis Gudmund Hernes i ein kronikk i Dagbladet 1989 (etter Tienamnen-opprøret) skulle starte det endelege oppgjøret, med det avisspaltisten Andreas Hompland hadde erklært dødt for lenge sidan. På sitt beste tok påverkinga frå m-l-rørsla seg kulturelle uttrykk som historia vil dømme betre enn dei samtidige dommarane. Men det rokka aldri ved den herskande klassen eller den herskande kulturen i det norske samfunnet.

Når det no har vorte så betimeleg med politiske sjølvoppgjør, bør dei helsast med ein stor porsjon skepsis. Eg meiner: det er jo ikkje så vanskeleg lenger når løpet er kjørt. For vi har å gjere med restane av eit parti som for fem år sidan var viljug til å køyre sin einaste politiske suksess, Klassekampen, på dunken, på grunn av ein politisk paranoia som har vore ein avgjerande faktor i den politiske forsteininga. (I dag har avisa ein politisk og kulturell profil som den forrige redaktøren hadde blitt hengt for). Som teori- og ideologifattig parti stod det for det verste i den ideologiske tradisjonen Milovan Djilas skildrar i boka Den nye klasse, med røter til Marx og Engels: «Marx og Engels hadde en særlig snever og eksklusiv ide, den ide som kommunismen senere kunne nytte som grunnlag for sin ideologiske intoleranse – nemlig at enhver samtidig tenker, naturvitenskapsmanns eller politiske synspunkter var uadskillelige fra hans virkelige eller vitenskapelige verdi som tenker eller kunstner. Hvis en mann politisk befant seg i en annen leir, ble hele hans øvrige objektive eller annet arbeid motsagt eller vanvyrdet». Dei som stod for dette synet meinte også at «det var umulig for noen annen å prestere noe betydelig uten å velge deres eget syn på verden som utgangspunkt».

Slik skusla m-l-rørsla bort sitt politiske pund, som så mange ein gong var viljuge til å satse alt på. Når terrenget ikkje lenger ville lyde kartet, var det ikkje noko att av rørsla. Men det var ei rørsle eg aldri kjem til å piske meg sjølv for å ha vore ein del av. Det stod eit tog på perrongen.


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken 2002! -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |