Emne: Leiga i huset
Fra: "Helge Rykkja"
Dato: Mon, 25 Oct 2004 20:37:56 +0200
Til:nilsarak(a)online.no

 
Her et dikt av Helge Rykkja, henta frå samlinga "Slutningar til knes" som kom ut på Aschehoug i 2004. Dermed er han leieboer nummer to i Raknerudvillaen. Velkommmen!
Hjemmesida hans er www.helgerykkja.com
 
Åra var gylne
 
 
Du hugsa songane, byrjinga på dei
alle versa og heile melodien
Du er den som har merka seg noko
Og dette var skjedd før
Og dette hadde stått
Ludvig hadde nok lesi avisa, sa vi, merka saka
og kom no på krykkene
 
Du hugsa kva vi gjorde og kva som stod
og du byrja songen på rett
kor roleg og uforanderleg det var
Verda heldt mål
Eg kjenner at eg har levd
Dei var gylne, når det kom til stykket
alle desse åra, ikkje sant
Det var jo du som var desse gylne åra
dermed du som var livet mitt
slik som eg, uforvarande, var livet ditt
 
 
Helge